januar 2009
Månadsarkiv
januar 30, 2009
I dag vert det bl.a. Singstar, Playstation, airhockey og mykje meir på Velsvik bedehus. Der er vi klokka 20.00 som vi alltid er, og utover kvelden. Det vert heilt sikkert kiosk, so det er lurt å ta med litt pengar.
Ta med deg nokon folk å ta deg ein tur!!
Me sjåast
januar 22, 2009
Fredag 23. januar vert det vanleg korøving. MEN alle som var med på adventsfesten er ÒG velkommen. Nye nye, nye gamle, gamle nye og gamle gamle. Ta deg ein tur! Me skal i hovedsak synge, lære kanskje litt nytt, og eller ha det kjekkt og sosialt ilag.
januar 8, 2009
Posted by dakruko under
Uncategorized 1 Comment
Slik det ser ut no, ser det litt mørkt ut for akinga som var planlagd i Koppevegen. Grunnen er mildt vèr og regn. Dette hopar vi sjølvsagt forsvinn, og kulde og snøv kjem til oss. Dette er noko alle kan hope på
januar 5, 2009
Posted by dakruko under
Uncategorized [4] Comments
Fredag 9. januar startar vi opp igjen med kor/samlingar på Velsvik bedehus. Då får vi besøk frå Øytun fhs, der dei skal vise ein film og vere ilag med oss. I tilleg til dette vil det verte aking i Koppevegen om været høver til det. Inne vil det vere kiosk, med mogelegheiter til å kjøpe seg bl.a kakao.
Vi vonar at mange vil møte opp i år også, og ser fram til å møte alle til eit nytt år.