Du lurar kanskje på kva slags side du no har komt innpå, det skal du få vete viss du les litt lenger nede.
DAKRUKO står for Dalsfjord Kristelege Ungdomskor, men etter nokon forandringar er vi ikkje lenger eit ungdomskor. No sattsar vi meir på å verte ein ungdomsklubb, der ungdom i Volda og Vannylven kommune kan kome i lag fredagskveldar og ha det kjekkt i lag. Dette er for ungdom frå 8. klasse og oppover.
Me held somregel til på bedehuset i Velsvika i Volda kommune, men me kan òg forflytte oss til Rovde, Syvde eller Dravlaus.
På DAKRUKO no vil det verte ein del forandringar, slik vil ein kveld utan større akktivitetar verte.
20.00 – 21.00 Lovsongsgruppe/band for dei so vil vere med på det
21.00 – 22.00 Kiosk/Kafè og aktivitetar ute eller inne
22.00 – 22.15 Andakt
22.15 – 23.00 Kiosk/Kafè og aktivitetar ute eller inne
Me samlast kvar fredag i skuleåret. ca 1-2 gongar i månaden har vi større aktivitetar. Dette kan vere ting som Paint Ball, filmvisning, Holy Riders, turnering, gymsalaktivitetar o.l
Er dette noko som høyrest interesangt ut? Ta med deg nokon vener og stikk innom ein fredagskveld!
Me byrjar 20.00 og sluttar rundt 23.00
På framsida vil me legge ut ting som skjer, har skjedd, samt bilete frå aktivitetar og samlingar.