Hei alle saman!
No er adventsfesten over for i år, og eg må seie eg er svært nøgd med resultatet! Litt venting og litt styr bak sceneteppet under sjølve festen, men dette vonar og veit eg publikum tok med godt humør!
Eg tykkjer alle komitéane har jobba svært bra i år. Kanskje fekk nokre litt lite tid, men det gjekk då bra til slutt. Fredagen hende det seg folk berre gjekk rundt og “daffa” utan å gjere noko nyttig, men laurdagen stod alle på! Bra!
Uansett, eg ville berre seie takk for all hjelp til de som melde dykk frivillig til å hjelpe oss, og til alle i Dakruko. Utruleg kjekt at me greidde å lage ein velukka fest også i år! Eg vonar alle kosa seg både under sjølve festen og under førebuingane og oppryddinga.
Eg vil ynskje alle ei verkeleg fin adventstid og ei god og fredfull jul.
Beste helsing Iselin, leiar.
